Klubben vart grunnlagt i 1982 med sensei Mihajlo Misic. Vår hovudinstruktør Rune Joanesarson har trent karate sidan 1984, og vart Noregs fyrste diplomtrenar i karate. På ei treningssamling i London i november 2009 vart han gradert til svart belte 5. dan av professor og sensei Tatsuo Suzuki. I mars 2017 på Voss vart han tildelt 6.dan av world chief instructor sensie Jon Wicks for det gode arbeidet han legg ned for klubben og sporten.

Andre instruktørar er:

Bjørn Hernes, 3.dan: Bjørn har vore med sidan klubben starta i 1982.

Per Berge, 2.dan: Per starta å trena i klubben i 1987.

Klubben har i dag rundt 40 medlemer.

Voss Karateklubb er del av Wado Karatedo Federation International, WIKF.