Trening

Voss Karateklubb Kobudokan tilbyr trening i Wado Ryu Karate for ungdom og vaksne. Me legg vekt på at alle skal ha det kjekt på trening, og at kvar einskild skal få utfordringar tilpassa sitt eige nivå.

Karate er ein spennande idrett med godt sosialt miljø, tilbod om treningsleirar over heile verda, i tillegg til variert og balansert trening for heile kroppen.

Me har trening kvar tysdag og torsdag i lokala til treningssenteret Mosjonsgutane.

Ungdomspartiet trenar 18.30-19.30 tysdag og torsdag.

Vaksenpartiet trenar 19.30-21.00 tysdag og torsdag. (Vert starta opp når koronarestriksjonane vert oppheva)

Vår hovudinstruktør Rune Joanesarson har trent karate sidan 1984, og vart Noregs fyrste diplomtrenar i karate. På ei treningssamling i London i november 2009 vart han gradert til svart belte 5. dan av professor Suzuki. I mars 2011 vart han tildelt 6.dan av world chief instructor Jon Wicks for arbeidet med klubben og sporten.

Sensei1